Nyheter for

25.01.12
Velkommen til ny kjekk øving mandag 30 januar.
--
Ny dirigent.
Første øving i 2012 vart vel gjennomført med vår nye dirigent, Per-Lorentz Milotzki
Me ynskjer han Velkommen til korpset :-)
Info om Per-Lorentz er no å finna under linken dirigent

--
Me har no( 16 januar ) fått dugnadsliste frå Kronstad og 3 lørdager der er merka med JMK.
Desse dagar er no lagt ut på aktivitetslista her på nett
---
17.12.11.
Litt bilder frå julekonserten i Fusa Kyrkje saman med Eikelandsfjorden Musikklag er no å finna på eigen link i menyfeltet til venstre.
30.10.11
Oktoberfesten 2011er vel gjennomført.
Denne gangen var Eikelandsfjorden Musikklag saman med oss i JMK Bergen.
Konklusjonen er klar: Dette var morro :-)
Eit samansatt bilde her, bilder frå kvelden kjem seinare.

25.09.11.
Søndag og andre dag av seminarhelga vart halde i Eikelandsosen hjå Eikelandsfjorden musikklag.
Kort fortalt ein svært fin øvingssøndag der me er einige om at det er mykje fin lyd :-)
Nokre bilder i dag også,
takk til fotografane som har avløyst underteikna både fredag og i dag.

---

Må ta med eit nærbilde mellom alle notearka frå søndagen også :-)

23.09.11.
Seminar saman med Eikelandsfjorden Musikklag denne helga , var på Krokeide fredag kveld.
Dette var morro --- ser fram til øvinga i Eikelandsosen søndag.
Nokre bilder frå fredag kvelden.
--
--
Siste bilde frå denne kvelden,
mest truleg godt ord frå dirigenten som er i lufta no ---- :-)

----
8 mai 2011 på Kronstad hovedgård.
To bilder frå speling i forbindelse med markering av dagen på Kronstad hovedgård.
Takk til Jannike / Elin for det første bildet.

Oppstilling for gruppebilde etter spelinga,

---
Skarverennet 2011.
Skarverennet 2011 er vel gjennomført.
JMK Oslo og 6 musikkanter JMK Bergen deltok med fine musikkalske innslag.
Diverre passa det ikkje for underteikna å vera med i år ( tog går det mykje av denne dagen ),
men tilbakemeldinger frå Bergens musikkantane seier at dette var , som vanleg, svært moro :-)
Nokre bilder, først frå oppvarminga på Haugastøl. foto: Kåno
To bilder frå spelinga på Ustaoset. foto: ein jernbaneskiløpar
--
----
6.04.11
Aktivitetslista er no justert og er komme ut på nettsida her.
Me ynskjer Velkommen på øving framover !
--
Nokre bilder frå øving og dugnad,
først horngruppa vår på øvinga mandag 4 april, og to av våre tubaister får sjølvsagt vera med i bakgrunnen.

Nokre bilder frå dugnade på Kronstad hovudgård lørdag 2 april.
Takk til Elin for bilder !
Underteikna veit ikkje kva som vert diskutert på første bilde ---
men ut frå tilbakemeldinger så gjekk dugnaden svært bra --- :-)

Dugnad inne også.

På bildet under er dei fleste av dugnadsmusikkantane denne dagen med,
var totalt 11 med og det er svært bra .

20.02.11
Årsmøte og årsfest på Kronstad er vel gjennomført
og konklusjonen til underteikna og mange andre er : Dette var MORRO !
Nokre bilder ,
først av nyvalgt leiar Per som heldt tale på årsfesten.
Jentene på begge sider passa på at han heldt seg til manus ---- :-)

Medaljedryss på årsfesten vår,
dvs utdeling heidersteikn for medlemskap i NMF.
Først heidersteikn til 5 av våre medlemmer som har 20 års medlemskap,
var 2 medlemmer til som har 20 år men dei var diverre ikkje tilstade.
Heidersteikn til dei som har 30 år medlemskap i NMF
--
12.02.11
Me har no hatt eit kjekt seminar ( fredag kveld og lørdag ).
Konklusjonen er klar -- lyden kjem seg mykje med go øving :-)
Litt bilder frå seminaret her.
--
--
--
Dirigent Truls var godt fornøygd med oss
sjølv om han ser litt skeptisk ut på bildet -- var mest truleg mangel på eit # eller ein b her --- :-)
18.1.11
Fant litt av det me øver på på youtube.
http://www.youtube.com/watch?v=sYrZA7oCTio
http://www.youtube.com/watch?v=UjKGBXO60Z8
http://www.youtube.com/watch?v=-kCaVbkjH1c
18.12.10:
Julespeling på jernbanestasjonen i Bergen siste fredag før jul er ein kjekk tradisjon.
I år vart det litt endringer i programmet --
var på julebordet til Jernbaneverket og spelte nokre julesongar før me spelte på stasjonen.
Eit bilde her og nokre bilder til på eigen link i menyfeltet til venstre.

----
Konserten saman med Landås skoles musikkorps i Årstad kirke er vel gjennomført.
Ikkje full kirke --- men noko publikum var det.
Vart eit bilde av Landås skoles musikkorps.

---
|
Årsmøte og årsfest i NJMF er avvikla i Bergen i år. Litt bilder frå festkvelden finn De på eigen link til venstre |
|
---
Me minner om
FISAIC stevne
( Europeisk jernbanemusikkstevne )
i Trondheim 25 - 28 august 2011.
På denne linken http://www.fisaicmusik2011.com/index.html kan De lesa mykje meir om det.
Vert oppdatert etterkvart som det er noko nytt.
---
No er bilder frå Oktoberfesten komme ut på denne sida.
Er på eigen link i menyfeltet til venstre
-----
17.10.10.

------
1.09.09
No har Norsk Jernbanemusikkforbundet ( NJMF ) fått ny nettside.
Adressa er http://www.njmf.no/
Link under sida "Linker" er retta opp :-)
----
Dette fine bilde er av to glade JMK musikkanter ved vogna til Dronning Maud
i forbindelse med feiringa av Bergensbanen 100 år.
Veterantoget kom til Bergen 7 juni 2009 og vogna var ny i 1908.
--------
17.02.09
Fleire medlemer i korpset.
No i dag var to av våre medlemmer, leder Per K. og Elisabeth
med i føremiddagssendinga til NRK..Hordaland.
Innslaget som var på radioen fin DE ved å
klikka her http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/464985
Dersom De slit med å få fram noko på linken over så kan De
klikka på http://nrk.no/hordaland/
så sjå nedover på venstre menyfelt til De kjem til nettradio.
Så på "føremiddagsendinga" før De klikkar på
"formiddag 17.02.09 kl. 11.03 "
Innslaget ligg ca 32 minuter ut i sendinga.
Dei var svært flinke i radioen !
---------------------
Har De tips / kommentarer så er det svært lett å senda som e-post til heimesidesnikkaren
på adressa martkyte@online.no