|
Norsk Jernbanemusikkforbunds Landsstevne i Oslo 6 - 8 Juni 2008
Dette har vore ei helg som går inn i historieboka som eit svært godt minne :-) Mykje fin musikk, fint vær og ca 270 musikkantar med godt humør ! Dette er første landsstevna for jernbanemusikkantane underteikna har vore med på, og eg er alt byrja å sjå fram til neste stevne for denne store familien. Kven som er med i denne familien ? Jernbanemusikkorpsa frå Bergen , Stavanger , Drammen , Oslo , Hamar , Trondheim og Narvik
Prøver med alle bildene nedover her ( nesten 60 ) å visa litt av det me har opplevd. |
|
Dei første bildene er frå turen til JMK Bergen fram til Oslo.
Det vart ein litt anna opplevlse enn planlagt -- :-(
Musikken brukar NSB sine tog når dei skal ut å reisa,
diverre grasbrann langs Bergensbanen og da vert det alternativ transport.
Første bilde er frå Bergen der musikkantane no ventar på bussen som skal frakta oss til Oslo. foto: Elin

Nokre bilder frå bussen,
og som De ser så har skuffelsen for at me ikkje fekk reisa med toget lagt seg :-)
Underteikna kom på bussen på Voss
og hadde da med nytrekt kaffi til musikkantane som hadde vore tidleg oppe i by`n.
---
---
Turen gjekk via Lærdal / Hemsedal til Oslo.
Mykje fint å sjå langs vegen,
slik som denne hytta mellom Lærdal og Hemsedal som mest truleg er til salgs ---- :-))
Pause i Hemsedal ( den kjekke busssjåføren måtte ha pause ) og me fekk strekkja litt på oss
samt handle inn litt proviant.
Diverre så rakk ikkje me i JMK Bergen opninga av stevna på Youngstorget i Oslo
( bussen brukte noko lenger tid enn toget ).
Fekk heller ikkje med oss speling / marsjering i Oslogatene,
så me hoppa rett til
Kamerataften Båttur på Oslofjorden
med S/S Lady Mack.
Før båten la ut på sjøen var det gjennomgang av sikkerheita på båten,
bildet under viser korleis me skal ta på oss redningsvesten.
Eit bilde mellom øyer og skjær i Oslofjorden.
Stor stemning på båten denne kvelden, ikkje vanskeleg å komma i god stemning i lag med
Strindens Provinceorchester :-)
Guten på klarinett vil De sjå att på fleire bilder her, spelar i JMK Oslo
Nærbilde av to Glad Jazz gutar i fremste rekke ----
--- og bakerste rekke.
Var fleire som var flinke å spela Glad Jazz, slik som guten frå Hamar.

Nokre bilder frå båten, først ein dårleg fot frå Trøndelag :-)
Og så var det den utflytta Vossajenta ( som De hugser frå Skarverennet )
Glade Bergensarar som ventar på at matkøen skal verta litt kortare :-)
Glade musikkantar frå Oslo.
Vart det nokon som undrast om dei har sett nokon på dette bildet før ?
Jau, heilt rett --- den eine er studenten som underteikna har kjørt flyttelass for fleire gonger :-)
Fleire glade Bergensarar og ein Vossing :-)
Så var det utdeling av Norsk Jernbanemusikkforbund hedersteikn.
På båten var det utdeling av merker for 15 og 25 års medlemskap.
Vart bilder av nokon av som fekk merker på båten, har samla dei på bildet under.
Ein fin kveld er over,
avsluttar kvelden med solnedgang ved Oslofjorden.

Ny dag og me startar med festkonsert etter frokost.
Panoramabildet på eigen link viser konsertsalen der alle stevnemusikkantane var samla.
Ein lang og fin konsert dette.
Eit par bilder her, først JMK Bergen som snart er klar for første speling.

JMK Oslo spelte The Chicken med to tubasolositar og ein klarinettsolist.

To musikkantar som syntest at var synd å sittja roleg til mykje fin swingmusikk :-)

Til siste stykket JMK Oslo spelte var det muligheit for alle å spela solo :-)
Dirigenten deira var ein av solistane :-)

Etter lunch var det ut i sola til "Tour Grünerløkka"
med frammøte på Youngstorget.
Nokre bilder av JMK Bergen og JMK Trondheim, først maskotten til JMK Trondheim.

To bilder av JMK Bergen. foto: far til Elisabeth frå Bergen

---

JMK Trondheim.

Etter konserten på Youngstorget marsjerte me til Parkteateret
der me skulle på Vorspiel :-)
Vårt vorspiel starta med musikk, først på scenen JMK Hamar.

Litt av publikum på vorspiel i Parkteateret.

JMK Oslo på scenen.
Over korpset som spelar er det visning av bilder frå bla. fredag under stemvna.

Dirigenten i JMK Oslo på vorspiel :-)

Eit bilde til av Oslokorpset.

Så til gladjenta frå Rosendal som på dette vorspiel hadde ansvar for vaskebrettet og ymse anna.

Eit litt betre bilde av jenta frå Rosendal som trivest godt på bakerste rekke i korpset,
det som mange kaller "kjøkkenavdelingen" ( perkusjon ).

Vårt vorspiel vart avslutta med kor-song frå Hamar, lattermusklane fekk trimma her :-)

Nede ved hotellet vårt etter vorspiel og me helsa på ei lykkeleg jente,
greier De å lesa datoen så veit De kor tid ho skal gifta seg også :-)
Lørdag kveld og bankett.
Fin taffel musikk frå nokre medlemmer i JMK Oslo før banketten.
Litt korsang også.
Festsalen, gjestene er klar for middag.
Ein glad gjeng rundt bordet der underteikna sin stol står.
Utdeling av Norsk Jernbanemusikkforbund hedersteikn på banketten også.
Her var det utdeling av merker for 40 års medlemskap
og utdeling av NJMF sitt hederstegn.
På bildet under dei fire som fekk hederstegnet.
Fleire som hadde ordet under middagen, bla. Mette som er leiar i NJMF.

Landsstevne for jernbanemusikkantar er annenkvart år.
På bildet under har leiar i JMK Narvik fått denne stafettpinnen.
Dersom ikkje for mykje koliderer ( andre stevner ) så vert det stevne i Narvik i 2010.
Me gleder oss til Nord-Norge tur allerede :-)
Takk for maten tale høyrer med,
som alle oss andre så var denne taler også mett etter god mat :-)
Etter mat var det dans utover natta --- ,
mykje folk på dansegolvet, dvs. fin danse musikk -- :-)
Avsluttar kvelden med fire glade musikkanter frå JMK Oslo.
Siste stevnedag vart avslutta med felleskonsert på taket på vårt nye Opera hus.

Nokre bilder av dette stor-korpset der dei fleste av stevnedeltakarane var med.
Klarte å senda fotopparat med ein som skulle lenger oppover, vart da bilde av nesten heile storkorpset.
Trur De skjønnar at her vart det mykje lyd --- var fin lyd også :-)

Nokre nærbilder av storkorpset.

---

---

--

Etter konserten og ein liten runde til toppen av Operaen,
på bildet to glade Bergensere uten høgdeskrekk ---- :-)

Vel blåst ---- :-)

Heimesidesnikkaren seier også Vel blåst --- dette var morro !

Snart slutt no men må ta med bilde av vår flinke reiseleder i Bergen
som her ynskjer velkommen ombord i toget som skal vestover.
Endeleg siste bilde.
Til Dykk alle:
Takk for laget denne helga i Oslo.
Me gleder oss til neste stevne for denne store familien !
Da gjennstår det å sjå kor mange som kjem med noter på negler neste gang ---- :-))
Var eit par notenegler denne gang --- :-)
